Hopp til innhold

Urban sunnfjording?

Sted: Larris Scene, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa
Storehagen 2, Førde
Dato: 23 okt. 2017
Tid: kl 18.00 - 21.00

Laster kart ....


MANDAG 23. OKTOBER: Inspirasjonsmøte om sentrumsutvikling

Urban sunnfjording? … Om å leve tett i Sunnfjord – om handel og nabolagsutvikling.

Vår første samling handlar om nabolagsutvikling og handel, og er eit samarbeid med Førde og Flora kommune, samt Sunnfjord Utvikling. Vi får presentert status i dei to kommunane sitt arbeid med sentrumsutvikling, og så har vi henta inn føredragshaldar frå nabolagsutviklar Urban Jungle:

Urban Jungle er ein av landets leiande ekspertar innan nabolagsutvikling. Kompetansen er først og fremst retta mot utvikling og forvaltning av næringslokaler på gateplan samt aktivisering av gatene og nabolaga rundt. Urban Jungle-gruppa tilbyr tenester innan investering, utvikling, forvaltning, rådgjeving, utleige, pop ups, og aktivisering. Dette gjer Urban Jungle til ein av Norges mest komplette leverandørar av tenester retta mot utvikling av urbane bygolv og byrom.

Absolutt aktuelt for sunnfjordske sentrum!

Bli med! Sett av 3 timar på Larris til inspirasjon, meiningsbryting og hyggleg samvær.

Enkel servering. Fri entré.

Velkomen!

Sunnfjord BOBY er ein ideell organisasjon som vart skipa våren 2017. Vi skal ta aktivt del i samfunnsdebatten gjennom å arrangere møter om aktuelle tema, for å skape ein god arena for diskusjon kring bustad- og byutvikling i Sunnfjordregionen.

Alle møter for :

  • Ingen hendelser i denne kategorien
  • Arkiv tidligere arrangementer >

    Til toppen